…prestasjonar i fleng, er eit dekkjande ordspel etter ein stor time med underhaldning av årets 10. klassingar i Storstuå på Surnadal kulturhus. Fullsatt sal på andre kvelden fekk sjå kva dei 106 elevane i 10. trinnet ved Surnadal Ungdomsskule hadde forberedt og øva inn i forbindelse med det årlege storprosjektet som har vore oppsett. Årets tittel er «Back to the 80’s», og set nokon av oss tilbake til opplevd glanstid med mange minneverdige augeblikk.
Også i år var todalsungdommar med på oppsetninga, og dei gjorde alle ei strålande forestilling i lag med sine medelevar.
Kristine Svinvik var gitarist i bandet, som bestod av mesta berre 10. klassingar.
Inga Husby deltok både med song og dans.
Medan Brage Hauglann Talgø var ein av dei som svinga seg i dansen.
Så er du så heldig å ha billett til morgondagens forestilling, er det berre å byrje å gle seg!