Erik Kårvatn deltok laurdag under Ungdomsmesterskapet i friidrett på Jessheim. Erik har mange gode løpsresultater å vise til denne sesongen, og han var kvalifisert til å delta 800 meter. Etter ein sterk spurt vann han eit av dei 3 heata på 800 meter for G16.
I hans klasse G16 var det 3 heat, og Erik startet i 2. heat som han like godt vann på tida 2.05,56. I samandraget heldt det til ein 9. plass, da både 1. og 3. heat vart vunne på sterkare tider. Gjennom løpet låg Erik omtrent midt i feltet, men etter ein kjempespurt vann han altså sitt eige heat – heat nr 2. Erik deltek for Rindal I.L. i friidrett denne sesongen.