Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stengt bibliotek x2 i veke 19

Elinor Bolme Sundag 23. april 2017

Ventilasjonsanlegget på kulturhuset på Skei vil bli renovert i første veka av mai. Det vil føre til at dei dessverre må halde stengt ved biblioteket. For å unngå å gå «tom» for bøker, anbefaler dei derfor eit besøk før den tid. Biblioteket vil ha ope som vanleg i siste veka av april (måndag 11-16, tysdag/onsdag/torsdag 11-17, fredag 11-15 og laurdag 11-14).

Det vil gå an å få levert inn bøker i den første mai-veka og du kan også ringe tlf. 71 65 93 00 om du vil kome i kontakt med biblioteket (t.d. om det er bøker du må ha den veka, og som dei kan bringe vidare til deg på ein eller annan måte). Avisene vil bli lagt ut, som vanleg (ev. lagt ut nede om også «balkongen» blir stengt).

Sia biblioteket blir stengt, vil også småbarnstreffet og møtet i dataklubben gå ut denne veka. Til og med kinoen treng luft. Derfor vil det ikkje bli vist film onsdag 3. mai. Men det er meininga at alt skal vere i orden til helga, så det blir vanleg kinodrift igjen frå og med fredag 5. mai.

Biblioteket vil gå over til sommarope frå og med 8. mai og opningstidene vil frå da av bli måndag-fredag kl. 11-15.

Biblioteket i Todalen blir også stengt denne veka. Ikkje grunna dårleg luft, men grunna 1. mai.

Først publisert: 23. april 2017, 14:32 - Sist oppdatert: 21. april 2017, 22:42