I perioden 24. januar – 28. februar vil Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen vere stengt for gjennomkøyring over Haukåbrua. Dette på grunn av at rekkverket på brua skal skiftast ut. Omkøyring er via Fv 6146 – Todalsvegen og Fv 6148 – Melavegen eller Pilskarvegen og over Øyabrua. Omkøyringa vil vere skilta under heile perioden arbeidet med rekkverket pågår.
Dette vil mellom anna innebere endringar i skulebussrutene, i perioden arbeidet pågår, og elevane som i dag tek skulebuss frå stopp langs Fv 6148 – Ørsal-/Melavegen, vil i denne perioden bli henta med minibuss eller må gå til andre busstopp. Den ordinære skulebussen vil i denne perioden ha rute langs Fv 6146 – Todalsvegen til/frå Bruset. Elevane som blir råka av endringane vil bli varsla av VY/Fram i god tid før endringane i bussrutene.
Vi vil oppdatere med meir informasjon når stenginga av vegen nærmar seg.