Todalen Elvaeigalag har beslutta å stenge Toåa for fiske etter laks og aure frå midnatt måndag kveld. Det skjer grunna lita vassføring og høg temperatur på vatnet. I første omgan blir elva stengt i 4 døgn fram til fredag kveld ved midnatt, seier leiar i Todalen Elveeigarlag, Stig Husby.
Stenginga av elva er faktisk ei historisk handling da elva aldri har vore stengt på grunn av høg temperatur og lita vassføring. I første omgang stenges altså elva i 4 dagar, da det er varsla vêrforandring i løpet av veka – da blir det vel etter kvar vanleg nordmørsvêr som vi er betre vant med, seier Stig med eit smil.

Toåa ved gapahukejn i Båthølen. -No stenges elva i 4 døgn på grunn av høg vasstemperatur og lita vassføring. Foto Jon Olav Ørsal
Denne gongen var det ingen veg utenom, og det er synd seier Stig, for no er det gjort mange observasjonar av fisk nedover elva. No håpar vi at det etter kvart blir litt nedbør, slik at det kan bli eit betre fiske den siste delen av sesongen. Pr i dag er det teke 28 laksar i Toåa så langt – den siste i dag. Tilsaman er det gjort fangst på 108,3 kg – ei gjennomsnittsvekt på 3,9 kg.