Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stenger Øyabrua for all ferdsel frå og med fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. oktober 2025

I ei pressemelding frå Surnadal kommune, som også er lagt ut på surnadal.kommune.no, blir det kunngjort at Øyabrua i Pilsgarvegen frå og med fredag 31. oktober blir midlertidig stengt for all ferdsel, inkludert gåande. Dette skjer ifølge pressemeldinga etter siste befaring av brua no i oktober. 

I pressemeldinga kan ein også lese at det i løpet av 2026 vil bli kartlagt kva som må gjerast for å gjere brua sikker. Så da er det vel berre å førebu seg på mange år utan at ein kan bruke Øyabrua for å krysse Toåa! Pressemeldinga kan ein lese nedanfor:


Etter siste befaring på Øyabrua i Pilskarvegen i oktober har Teknisk drift vurdert at det ikkje er tilrådeleg med ferdsel over brua. Brua er i svært dårleg forfatning. 

Frå og med 30. oktober er brua midlertidig stengt for all ferdsel, inkludert gåande.  

I 2026 vil det bli kartlagt kva som eventuelt må til for å gjere brua sikker. Brua vil difor vere stengt inntil vidare avklaring. 

Teknisk drift

Publisert: 29. oktober 2025, 13:34