Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stemningsfull songkveld for brønnprosjekt i Gambia

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. september 2025

Prosjekt 17-koret inviterte onsdag kveld til musikk- og songkveld i Todalen ungdomshus der alle inntektene uavkorta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. I tillegg til Prosjekt 17-koret deltok gruppene Basarensemblet og Kvammeratene.

Bakgrunnen for songkvelden var at medlemmer frå gruppa Basarensemblet no samlar inn pengar til sitt tredje brønnprosjektet i Gambia. Mange møtte opp i ungdomshuset for å vere med på musikk- og songkvelden, og det vart to stemningsfulle timar med mykje god musikk og song.

Basarensemblet består av Kristine Neeraas, Jan Øyvind Jensen, Sverre Svendsen og Per Ove Dahl, medan gruppa Kvammeratene består av Ole Kjell Orset, Ole Foss og Tor Hole.

Prosjekt 17-koret starta musikk- og songkvelden med ein song av Bellmann. Borghild Betten Talgø ønska på vegne av komiteen velkommen, og takka samtidig for at dei fekk lov til å vere med på dette prosjektet saman med Basarensemblet og Kvammeratene.

Kvemmeratene. Foto: B G Ansnes

Basarensemblet song tre songar av Alf Prøysen, der folk vart oppfordra til å synge med. Kvammeratene entra scena og song ein song av Halvdan Sivertsen og to eigenkomponerte songar, ein om flåttbit og den andre om livet som pensjonist.

Før kaffen song Basarensemblet tre internasjonale songar, der to av songane var av Elvis og den tredje av The Everly Brothers, før Prosjektkoret song Bruremarsj frå Todalen.

Basarensemblet. Foto: B G Ansnes

I kaffepausen var det også loddsal. Etter kaffepausen var det Basarensemblet sin tur igjen, og i denne bolken song dei ein salme av Ole Paus, ein song av Sverre Kjelsberg, før dei avslutta med «This land is your land» av Woody Guthrie.

Prosjekt 17-koret gav oss smakebitar både frå «Seterkabareen» og «Seggel og Wichmann» av Bernt Bøe, før det vart trekning i lotteriet.

Prosjekt 17-koret gav oss smakebitar frå «Seterkabareen» og Seggel og Wichmann». Foto: B G Ansnes

Musikk- og songkvelden fekk inn godt over 12 000 til brønnprosjektet i Gambia, så da blir nok namnet «Todalsbrønnan». Ein brønn i Gambia kostar rundt 20 000 norske kroner, så da er nok den tredje brønnen snart fullfinansiert. Prosjekt 17-koret avslutta ein flott og stemningsfull musikk- og songkveld med songen «Venner».

Først publisert: 18. september 2025, 05:00 - Sist oppdatert: 17. september 2025, 21:07