P17-koret og Todalen sokneråd arrangerte i samarbeid julekonserten i Todalen kyrkje søndag ettermiddag. Med dirigent Bernt Bøe som musikkalsk leiar var det sjølvsagt spedd på med forsterkingar, både instrumentalt og med solistar. Solistar under dagens konsert var Turid Røen Kroknes, Maria Reppen og P17-korets eigen Øystein Moe.
Ensemblet med Anna Ostachowska, Jasmina Zivic, Ebba Ringmar, Zhala Aliyeva, Odd Sonntag og Trond Harald Saltnes var klassisk og kortreist frå Kristiansund, og sørga for musikkalsk følge til kor og solistar.
Konserten starta med Juleverset frå Stangvik, og fortsette med «Det kimer nå» og både «Julenatt» og «Stille natt» og mange fleire – både kjente og kjære songar. Her var det god variasjon i bruk av musiker- og korsamansetting, og sjølvsagt fikk også publikum sleppe til med allsong innimellom.
Siste del av vart det framført «I denne søte juletid» etter Arne dagsvik – kantate over salmar og bibeltekstar som vi kjenner frå tidlegare konsertar og framføringar koret har gjort. Heilt til slutt tona konserten ut med første og andre vers av «Deilig er jorden».