Årets julegudsteneste var attende til normalen etter 2 år og vel så det med arrangement påvirka av pandemi og redsel for smittefare. Kirsti Hjørnevik var liturg under dagens gudsteneste, og klarte å skape den gode julestemninga for oss som deltok på julegudstenesta. Gudstenesta var sjølvsagt prega av både juleevangeliet, julas bodskap og ikkje minst opplevde vi flott og kraftfull salmesong med kjente julesalmar.
Dagens takkoffer gikk til kyrkjelydsarbeidet, og dersom det er nokon som vil bidra med ein skjerv, så kan det gjerast på vippsnr 506908 også i etterkant av gudstenesta. Dagens organist var Bernt Bøe, som også hadde med seg todalingane i P17-koret som forsongarar og forsterking av salmesongen.
Neste gudsteneste i Todalen kyrkje er nyttårsaften kl 16:00