Sjølv med strenge reglar for å hindre koronavirusets spreiing, vart det ei flott og stemningsfull julegrantenning. Eit førtital møtte opp for å delta på julegrantenninga, sjølv om arrangementet var noko amputert og uten gang rundt juletreet. Likevel trur eg folk trivdes og tykte det var koseleg og treffast for å feire ting i lag.
Folk har rett og slett behov for for sosial kontakt, og eg trur folk har vorte vant til å være litt forsiktige, slik at dei unngår å kome i for nær kontakt med kvarandere. Steinar, Torill og Anita var som vanleg arrangementskomitee og serverte gløgg og tilbehør i forsvarleg og koronatilpassa stil, og dermed føres tradisjonen med julegrantenning vidare i beste stil. Nedafor finn du nokre bilder frå julegrantenninga i Brusetmarka.