Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stemming utanfor ordinært valgtidspunkt

Elinor Bolme Måndag 17. juli 2017

Til hausten er det ny runde med valg. Denne gongen er det Stortingsvalget som skal gjennomførast 11. september. Det skal da velgas representantar til Stortinget, for perioden 2017–2021. Veljarar som ikkje har høve til å stemme i løpet av den ordinære perioden for førehandsstemming frå 10. august til 8. september, eller på valdagen 11. september, kan allereie no vende seg til kommunen for å avgi stemme. Forhåndsstemma gir kun mulegheit til å stemme på partinavn – ikkje personer. 

Dersom du ønskjer å avgje tidlegstemme fram til 10. august kan du ta kontakt med servicetorget hos Surnadal kommune. Enten på telefon 71 65 58 00 eller stikke innom kommunehuset v/servicetorget og avtale tid med dei. Du kan og sende ein epost til post@surnadal.kommune.no.

Meir informasjon om valet vil bli lagt ut på kommunen sine heimesider www.surnadal.kommune.no etter kvart.

Hugs å ta med legitimasjon når du skal avgi stemme.

Publisert: 17. juli 2017, 19:04