August er månaden då sommaren tek eit siste sveip med solkremen, og fjella byrjar å kle seg i haustens fargar. Men før stortingsvalet 8. september, inviterer vi deg her til ei kåring med litt mindre diskusjon om partiprogram og sperregrense. Nemleg kåring av månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete her på todalen.no.
Du kan stemme på din favoritt fram til 11. september. Her er det altså ikkje snakk om politiske plattformar, det held å ha ei meining om kva bilete som fangar august best.
Takk til alle som har sendt inn bilete, og hugs: vi tek gjerne imot fleire blinkskot til red@todalen.no.
Kandidatane er:
Solnedgang over Kvennafergå

Fugleperspektiv

Solnedgang fra Snøfjellet

I morgensolens rike

Tjern

Engler i Nauståfossen

Den flotteste i Trollheimen

Kveldsstemning på Todalsfjorden

