Med haustvêr og vegforbindelse kan livet i Todalen byrje å vende tilbake til normalen etter en innhaldsrik sommar. Ny månad er kome og det betyr ny avstemning på bidrag frå dagens bilete.
Vi håpar at alle fortsett å sende inn bilete sjølv om det byrjar å bli mørkare på kveldane. Send inn bilete til oss på red@todalen.no. Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt nederst på sida. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til onsdag kveld. Trykk på bileta for å sjå full storleik.
Gjeteren
Ørsalsetrene
Rypejakt i solnedgangen
Kaffekos på Storfjellet
Q-samling
