Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2014. No er det snart fem år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og fem og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2000 bilete.
Dagens bilete er eit av dei mest populære innslaga på Todalen.no, noko vi tykkjer er stas då det er noko alle våre lesarar bidreg med. Vi er heilt avhengige av å få inn bilete til dette, og er glade for å kunne trekke fram nokre av dei vi tykkjer er dei beste kvar månad og gjere litt ekstra stas på dei.
Blant desse som allerede har vunne månadens bilete, skal vi no altså stemma fram vinnaren av det beste biletet frå heile 2014. Vi er imponert over bidraga som har kome inn, så her blir det ikkje lett å finne sin favoritt!
Kandidatane er lista opp etter månad nedanfor, og du kan som vanleg stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) fram til 1. februar. Trykk på bileta for å sjå full storleik. Gå nederst på sida for å stemme.
Blekkstilt i Todalsfjorden
Vinnar av månadens bilete i januar.
På tur hjem
Vinnar av månadens bilete i feburar.
Todalsøra
Vinnar av månadens bilete i mars.
Hustadvika
Vinnar av månadens bilete i april.
Kulihammarn og stornaustet
Vinnar av månadens bilete i mai.
Slåttonn
Vinnar av månadens bilete i juni.
En dramatisk dag oppe i fossen
Vinnar av månadens bilete i juli.
Julikveld
Vinnar av månadens bilete i august.
Den beste maten henger høyt
Vinnar av månadens bilete i september.
Tidlig morgenstemning
Vinnar av månadens bilete i oktober.
Skarfjellet ferdig innrammet
Vinnar av månadens bilete i november.
Mot kveld
Vinnar av månadens bilete i desember.