Et par store steinhyller har rasa ned mot vegen oppi Ordalan, litt nedafor Innerdalsmerket. For nokre år sia var det vegarbeid der, og det er nok vinterfrosten og nedbøren som har påverka fjellet der. Steinhyllene har hamna intil vegkanten, men det er god plass og ikkje til hinder for trafikken. Vi har fått bilde fra tildragelsen frå Jon Bruset, og han skriv i ein e-post at det er høg skjæring der og at steinane har kome frå toppen.