Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Steinras: Vakna du av rabalderet?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. juni 2022

Måndag morgon i 5-tida var det eit rabalder utan like i området ved Bokksvaet i Husbylia.  Da var det nok fleire som vakna og som lurte på kva som foregikk oppe i lia.  Trygve Halle som bur på Hala var kjapp til å kome seg borti soveromsvinduet, og såg da støvskya som hadde lagt seg rundt Bokksvaet.

Bokksvaet – blokka har etter alt å dømme lausna ved den røde pilen og rasa nedover svaet. Foto Jon Olav Ørsal

Det tok litt tid før støvskya la seg og ein fekk fri sikt oppover Bokksvaet, men etter kvart vart det tydeleg å sjå at ein del av hammaren hadde lausna og rasa nedover svaet og endt opp i skogen nedafor.  Trygve fortel at det er rett som det er at det rasar litt i dette området, men denne gongen var det ekstra leven – og sikkert ei stor blokk som hadde rasa utfor.

Trygve hadde ikkje telefon eller kamera for handa, så vi fikk ingen bilder av hendiga.  Dersom nokon har bilde av raset eller støvskya som vart etter raset så ville vi sett stor pris om vi hadde fått det for å legge ut på nettsida.  Send i så fall biletet som e-post til red@todalen.no 

Publisert: 8. juni 2022, 12:17