I trettentida laurdag gikk det eit lite steinras fra Åsbøsnyta og ned mot vegen mellom gammelvegen og brua på nyvegen. Ein liten stein kom heilt ned på vegen, medan resten av raset stoppa før det kom så langt som ned til vegen.
Jon Reidar Husby som er grunneigar i området fortel at det ofte går mindre steinsprang i dette området, men at det er sjeldan at dei er så stor som det som gikk i dag. Om det er fare for at meir steinmasse skal rase ut veit ikkje vi, men det meste bruker å stoppe før det kjem så langt som ned til vegen. For nokre år sia gikk det eit større steinras i området, og da kom det nokre steinar heilt ned til vegen.