Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Steinar frå Elverum lappar saman asfalten

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2025

Dersom du har observert ein rød veidekkebil med ei lang arm frampå, så er det Steinar Furali frå Elverum som er på tur rundt bygda for å reparere dei største hola i asfalten.  Han sprøyter hola full med ei slags asfaltblanding, og så legg han på eit «lokk» med strøsand på toppen.

Fyller hola med ei asaltblanding og legg eit «lokk» med strøsand oppå. Foto Jon Olav Ørsal

Med den takten som det er på nyasfaltering, så trur vi at dette kan være et bra alternativ for å bli kvitt dei verste slaghola som er hard kost for hjuloppheng og understell på våre bilar. 

Steinar Furali kjem frå Elverum, og har heile landet som arbeidsområde. No er han på veg rund bygda for å reparere asfalten før vinteren setter inn. Foto Jon Olav Ørsal

Steinar har heile landet som arbeidsområde, og han fortel at han har halde på med dette sia 2009 – total har Veidekke 5-6 slike bilar på landsbasis.  I da tidleg starta han ved Søyåbrua, og har arbeidd seg innover til Todalen.  Han reknar med å kome rundt bygda i løpet av morgondagen

Publisert: 1. oktober 2025, 17:04