Straks før du kjem til Svinviktunellen på Todalssia, har det i «nattens mulm og mørke» ramla ut ein stein som ligg like ved vegkanten. Den ligg rett nok utafor vegbanen, men kan likevel være skummel.
Det blir nok sjekka om det er fare for at det kan kome meir etter kvart, og med dei høge temperaturane vi har hatt dei siste dagane kan det nok skje at stein og andre ting rører på seg, og det er lurt å være litt oppmerksam når du kjem «rundt neste sving»!