Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag møttest torsdag 9. juni på Tellesbø i Surnadal for å gå opp til dei øvste gardane på Telstad. Gradstokken viste fleire og tjue varmegrader, og sveitten rann livleg nedetter ryggen medan stavgangarane forserte dei bratte bakkane opp til Nestua på Øvre Telstad. Eigaren, Sverre Einmo, hadde gjeve oss frie tøylar til å rigga til sitteplassar, og snart var alle 29 turdeltakarane samla i ein ring på vollen nedanfor stuehusa.
Etter at medbrakt niste var fortært, fortalde Eli Bergheim om livet på Telstad da ho var barn. Petter Mogstad, Tor Mogstad og Odd Enge kompletterte med å fortelja om eigne erfaringar i Telstadhoppbakken.
Bildegalleri frå turen til Telstad finn du nedafor. Alle foto: Vidar Sogge