Torsdag 11. juni møttest Stavganggruppa nedanfor Sjølèet og gjekk derifrå til Haltbakken. Vêret er ikkje det beste, grått og litt småregn, men det betrar seg utover dagen.
Matpausen tek vi i det fine grillhuset som vi har fått låne av Magnar Gjeldnes. Her er det god plass til alle, og vi finn ly for vind og regn. Etter kvart blir det opphaldsvêr, og halvparten av oss forlengar turen og går ein runde til Nordvik, forbi Åsbøhagen, passerer Rabblèet og går Rabbañ oppover til bilane.
Bildeglimt frå turen til Haltbakkan og vidare innover til Nordvik. Alle foto: Vidar Sogge