Torsdag 2.juli hadde stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag siste turen sin før sommarferien. Stavgangarane møttest på Kårvatn og vandra inn til Myrvang der dei hadde hovedkvarter. Mange slo seg ned på det idylliske tunet på Myrvang i finveret, men dei fleste tok turen inn til Nauståfossen – han var mektig i varmen!
Da alle var samla på Myrvang att, vart det kaffeservering med bakels og graut, både smørgraut og mølsgraut. Alt smaka fortreffeleg! Pensjonistane kosa seg i finveret og praten gjekk lett. Martinus Torvik og Vidar Sogge takka Liv Larsen og Jon Myrvang for at stavgangarane vart gjestfritt mottekne på Myrvang i år, og!
Høgdepunktet for mange denne gongen var musikk ved Torgeir Leivdal og sønene Hallvard og Aslak. Aslak er 14 år og spelar fele, medan broren Hallvard er 13 år og trakterer trekkspelet.Torgeir sjølv spela både på vanleg fele og på ei hardingfele som Hallvard Ørsal i si tid hadde brukt,og Hallvard Ørsal har nok vore til stor inspirasjon for Leivdal. Torgeir og sønene spela nydeleg og med god takt, så det var mang ein stavgangar som trampa takten der dei sat! Etter kvart vart det dans på vollen, både vals, reinlender og polsdans! Det vart mange Hallvardslåttar – stemningsfull stund på Myrvang!
Etter dagens tur er det no stavgangpause fram til 6.august, da går turen til Sjøasetervatnet. I vårsesongen har stavganggruppa i år hatt 11 turar, og i følge terminlista blir det ti turar til hausten. Dette er åttande året med stavgang. Initiativatakar i si tid var Martinus Torvik som gjennom pensjonistlaget søkte på midlar fylkesmannen delte ut for å få til aktivitet for «inaktive eldre». Fylkesmannen bevilga 7500 kroner, stavar vart kjøpte inn og dermed var dei i gang!
Dette er eit flott tiltak, da deltakarane er både sosialt og fysisk aktive – båe delar er godt for helsa! Nye interesserte er hjarteleg velkomne til å bli med på turane til stavganggruppa! Det er ikkje krav om å vere medlem i pensjonistlaget.