Torsdag 27. september samlast stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag ved Stangvik skule og gjekk opp til Holden. Herifrå hadde vi fin utsikt over bygda og utover mot Kvenna, Røkkum og heilt til Meisingset.
Neste torsdag legg stavganggruppa turen til den fint opparbeidde trimstien ved skytebanen på Mausetmoå, straks før vegen svingar av til Vindøldalen.
Bolde frå turen til Holden finn du i galleriet nedafor. Alle foto: Vidar Sogge