Årets første stavgangtur for Stavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal gjekk i år til Bøfjorden og Steinholmlia. Vêrgudane såg ikkje ut til å vere i det gode hjørnet, men akkurat under sjølve stavgangen var det opphaldsvêr heile turen, så det vart ein bra tur.
– Turen langs Åskarfjorden var en ny opplevelse for flere av oss, seier Wenche Ø. Kvendset i Stavganggruppa. – Kjekt å komme på nye plasser, legg ho til.
Det var bra oppmøte på årets første stavgangtur, sjølv om vêret ikkje såg ut til å bli bra!
Neste veke går stavgangturen på torsdag, som vanleg. Meir informasjon kjem seinare!