27 personer stilte opp på vandring langs Toåa i dag, skriv Svein Tjelle i stavganggruppa til Surnadal pensjonistlag. Dei starta ut frå Bruset, og gikk innover langs elva til gapahuken i Fosstrøinn, og vidare innover til Phillipstavla i Hafallmelen og vidare langs elva til Ner-Nesset.
Her vart troppane samla til ein lang og god kaffepause i gapahuken til Kristen Bruset. Etterpå gikk turen attende til Bruset, der bilane var parkert.
Bildegalleri frå turen til Ner-Nesset – alle foto Svein Tjelle