Det var ordførar Margrete Svinvik som delte ut Eldrerådets Eldrearbeiderpris til Surnadal Pensjonistlags stavganggruppe under lagets julemiddag på Nordmøre folkehøgskule sist onsdag. Stavganggruppa fikk prisen for det viktige arbeidet som blir gjort for at eldre skal halde seg i god form – med varierte turmål i skog og mark i sommarhalvåret, og innendørs trim i vinterhalvåret. – Dette er eit lågterskeltilbod for folkehelsa og eit sosialt treffpunkt, eit godt tiltak, sa ordførar Margrethe Svinvik.
– Det er ei stor anerkjenning å få denne prisen, sa Bitten Ranes i Stavganggruppa, som tok i mot prisen saman med fleire i Stavganggruppas styre, skriv Driva i sin omtale av prisutdelinga under Surnadal Pensjonistlags julemiddag.