Vi har fått e-post frå Martinus Torvik i Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. Han skriv: «Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag startar etter vinterdvalen torsdag den 28. april. Første vårmøtet blir ved Svinviks Arboret og marsjen vil gå i det gamle vegsystemet. Etter marsjen skal vi møtast i kafeeen. Der har representant for Norsk Vandrerfestival bedt om å få møta oss for å gje ei orientering og koma med ei utfordring. Stavganggruppa, som møtest på torsdagane klokka 1300, tel opp mot 50 deltakarar, men talet kan variera noko.
Fleire innanbygdsbuande og mange utflytta todalingar er faste deltakar. Fleire turar har gått langs Toåa, til Storhaugen, mot Nauståfossen og i Svinvik/Gjeldnesområdet. Det er snart ikkje ei grend eller dalføre i kommunen vi ikkje har vitja. Dei som står i spissen for gruppa er Vidar Sogge, Lisbet Ranes og Martinus Torvik.»