Den torsdag 18. august startar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag haustsesongen, fortel Martinus Torvik i ein e-post til Todalen.no. Da møtes gruppa i Stangvika, ved kykja, og køyrer så til prestgardsskogen som er utgangspunkt for turen. Men allereie fradag (12.8.) tjuvstartar dei sesongen, da laget er invitert på tur til Valsøybotn, der Norsk Vandrefestival har invitert til «Stavgangtur i Valsøybotn». Dit går det buss frå Skei kl 10, og det er berre å møta fram.
Onsdag 17. august får laget besøk frå Vinjeøra Pensjonistlag. Da blir det samling i skyttarhuset på Angråmyra kl 13.00. Der blir det Narve Talgø, Jon Husby og Ole Elgsæther som sørgjer for underhalninga, og sjølvsagt blir det traktering. Der blir det og loddsalg, men gratis inngang. Torvik håper at mange har høve til å møte.