Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag er på veg ut av vinterdvalen og startar sesongen den 25. april. Frammøte ved Ansnessaga klokka 13.00. Marsjen går i retning Vorpneset med Reidar Østvik som vegvisar. Han er lommekjent i terrenget og området og vil også bidra med historier.
På returen stansar vi i gardstunet på Ansnesgarden og tek oss ein matbit. Litt nistepakke og litt servering. Vel møtt til gamle og nye stavgangarar.
Nedafor finn du bildegalleri fra turar som Stavganggruppa gjorde i fjor. No gler dei seg til å kome igang att med ny tursesong. Foto: Vidar Sogge