Torsdag 26. september kl 11, tek vi haustens siste stavgangtur til Øygardshalsen. Vi parkerer ved klubbhuset på Vang skiarena og fortsetter til fots til Øygardshalsen som er målet for stavgangturen denne dagen. Etterpå blir det kafferast i klubbhuset på Vang.
Kafferasten blir saman med elevar frå Surnadal Vidaregåande skule – der klassen for Helse og Oppvekst har baka kake til oss. Dei blir også med på turen til Øygardshalsen.
Alle som har lyst er velkomne til å bli med på tur og på kaffelag etterpå, melder Pensjonistforbundets Surnadals stavgangruppe