Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangartur til Bøfjorden

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2018
Vekas stavgangtur går på torsdag til Elvaneset i Bøfjorden, og startar som vanleg klokka 11. Ein vandrar kvar ein vil og et medbragt mat på den fine rasteplassen tett ved sjøen, melder Bitten Ranes i ein epost til redaksjonen. 
 
For å komme seg til startpunktet kjører ein inn til Bøfjorden og held fram til vegen deler seg. Her tar ein til venstre og fortsett nokre meter før ein tek av til småbåthavna. Her er det godt med parkeringsplass Nede ved Elvanesset Restaurant er det fine parkeringsmulegheiter.
 
Dette er stavgang for første halvår:
3. mai  Bøfjorden
9. mai  Haltbakken (merk: onsdag)
24 mai Todalsøra
31 mai Torvika
7. juni  Svinvika
14 juni Åskard langs fjorden
21 juni Kårvatn
 
Alle desse ligg i vår aktivitetskalender, med oppdatert turinfo etterkvart som det blir kunngjort.
Publisert: 1. mai 2018, 17:57