I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang langs elva Surna og over Røssmoen. – Ordtaket «Det finnes ikkje «dåle ver, berre dåle kle» vart sett på prøve i dag, og hadde det ikkje vore ein planlagt tur hadde vi kanskje ikkje kledd oss i oljehyre og gått på tur, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
Men tur vart det altså uansett for dei 16 frammøtte.
– På turen vart vi oppringt frå Treffastt Surnadal på Frivilligsentralen, og dei inviterte på nysteika sveler og kaffe som vi takk ja til, kan Svein vidare fortelje.
– Eit godt alternativ til nistepakke i regnet, avsluttar han.