I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Vindøldalen. 26 stavgangarar møtte opp for å bli med på ein finvêrstur opp i Vindøladalen.
– Det var hauststemning med fine farger og mild vind, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
– Turen gikk langs elva til Røsta, der vi tok opp mot lia og vidare bort til hytta til Ola og Reidunn. – Dei venta på oss og vi hadde ei fin avslutning på hytteterassen, kan han vidare fortelje.
– Stor takk til vertane!, avsluttar Svein
Neste torsdag avsluttar stavgangarane sesongen med tur til Øygardshalsen. Meir informasjon kjem seinare.