Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgangtur frå garden Svorka og innover i Bæverdalen. Dei tjueein stavgangare som møtte fram til torsdagens tur, gjekk til ei eldre høyløe. Der registrerte stavgangarane seg i turboka ved løa.
– Det var kraftig vind med stormkast, noko vi fikk sjå resultatet av på heimvegen, da ei furu hadde blåst ned og låg over vegen, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
Etter turen var det kafferast og sosialt samvær ved garden.