Torsdag, på Svenska flaggans dag, tok ikkje Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til nabolandet Sverige, men til nabokommunen Rindal og Igeltjønna! Rindalingane har bygd eit fint turanlegg rundt Igeltjønna med tilhøyrande anlegg både for bading og rekreasjon.
Om det vart bading i dag? Det seier rapporten frå turen ikkje noko om, men stavgang rundt Igeltjønna vart det i alle fall! Det var ein fin sommardag med fint vêr og grei temperatur, så det vart til at dei tok fleire rundar rundt Igeltjønna, når dei først var «utomlands»!
Etter stavganginga vart det sjølvsagt matrast med sosialt samvær i det fine vêret.