Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag stavgangtur til Nauståfossen. Turen starta på Kårvatn og gjekk oppover til fossen. – Det vart observert elgavføring på vegen og nokon sa att dei hadde sett eit stort dyr mellom trea, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Fossen viste seg fra ei god side og vart fotografert av mange, legg han til.
Nista vart fortært ved Kokkhuset . – Denne gongen var det ikkje orm eller knott rundt oss, men ein fin og varm sumardag, der 23 stavgangere møtte opp til den siste turen for vårsesongen, avsluttar Svein.
Stavgangarane tek no pause fram til 1. august. Da går turen til Krokvassdalen. Meir informasjon kjem når datoen nærmar seg!