Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag fekk ein skikkeleg finvêrstur til Kvenndalen i går. 22 stavgangarar gjekk frå gapahuken og opp til Trollmyran. Derifrå hadde dei fin utsikt innover dalen.
«Punktum for ein fin tur vart sett med kaffe og nistepakke ved gapahuken», fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Fleire bilete frå gårsdagens stavgangtur kan du sjå nedanfor: