Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Kafferasten vart kort da fukt og varme har fått fram knotten. Den jaga oss heim litt for fort, avsluttar han.
Stavgangarane tek no pause til fram til torsdag 3. august. Da går turen til Nordmarka og Krokvatnet.