I sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
Kjentfolk som var med på turen, kunne under turen fortelje om oppveksten sin på Glærum på 50. og 60. talet.
Det var litt kald vind, men stemninga var likevel upåklageleg under kaffepausen på kalkstranda etter turen.
Nesten tur for stavgangarane går til Haltbakken, torsdag den 11. mai. Meir informasjon kjem seinare.