Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går stavgangtur til Bøkskogen i Stangvik. Søtten stavgangarar møtte opp, og fekk ein skikkeleg fin tur i det fine og varme vêret.
Turen starta frå parkeringsplassen ved Svissholmen og gjekk oppover til Bøkeskogen.

Stangvikgardingane har eit skikkeleg fing anlegg nede ved fjorden på Svissholmen. Foto: Svein Tjelle
Nista og sosialt samvær etter turen hadde dei ved fjorden på Svissholmen denne gongen.
Meir informasjon om Bøkeskogen får du ved å Google # Bøkskogen i Stangvik #, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.