I går gjekk Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svinvikrunden. Vêrgudane såg ikkje ut til å ville varte opp med fint turvêr, men akkurat da stavgangarane gjekk turen sin var det i alle fall opphaldsvêr bortimot heile turen.
Men kaffepausen måtte dei ta innandørs denne gongen.
– Det er alltid ein fin tur opp den gamle vegen, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Fin utsikt, om det var harde vìndkast og regn på slutten, legg han til.
– Neste tur blir langs Toåa i Todalen. Parkering ved Bruset, kan Svein til slutt fortelje.