I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Holtasetra i Søyådalen. 27 stavgangarar deltok på turen, og det vart ein skikkeleg finvêrstur med 25 grader.
Stavganggruppa hadde fått med Arnfinn Eriksen på turen. Han instruerte i rett bruk av stavane under turen.
– For fleire av deltakarane var dette første turen til Holtasetra, og dei tykte det var triveleg å få sjå nye plassar i kommunen, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Kaffepausen på gårsdagens tur vart teken i skuggen, noko som ikkje har vore nødvendig tidlegare denne sesongen!
Fleire bilete frå gårsdagens stavgangtur kan du sjå nedanfor: