I går gjekk Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Sjøasetervatnet. Etter mange veker med fint turvêr og sol, var vêrmeldingane for dagens tur ikkje dei aller beste. Men da stavgangarane kom opp til vatnet, kom sola fram.
«Vi inntok maten vår, på verandaen til Hallset sin hytte», kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
«Det vart ein trivelig tur. Stigen til vatnet var belagt med stein slik at vi kunne gått med finskor på turen i dag», fortel han vidare.
«Ein stor takk til ekteparet Hallset som tok i mot oss», avsluttar han.