Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. august 2024

Torsdag hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang til Roparen. 27 spreke stavgangarar møtte opp i det verkeleg fine seinsommarvêret.

Kan ikkje klage på utsikta. Foto: Svein Tjelle

Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal Alpinsenter og opp til Roparen. 

Enda meir utsikt! Foto: Svein Tjelle

– Her er det utsikt over slettlandet i nedre delen av Surnadal og ut over fjorden, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa. 

Godt med ein liten kvil. Foto: Svein Tjelle

– Det har vorte store endringar, dei siste  50 åra. Det meste av tollskogen som ein gong var er borte, det same er einekjerra nedre ved fotballbanen og det gamle evjesystemet som ein gong var er bygd ned. Istaden er det kome industri, havn og idrettsanlegg. 

Mat- og kafferast ved Surnadal Alpinsenter. Foto: Svein Tjelle

– Vi tok matrasten ved friluftsbarnehagen på alpinsentret der det var benkar, bord og gapahuk, avsluttar Tjelle. 

Mat- og kafferast. Foto: Svein Tjelle

Neste torsdag, den 5. september, går stavgangarane Svinvikrunden. 

Mat- og kafferast. Foto: Svein Tjelle

Mat- og kafferast. Foto: Svein Tjelle

 

 

 

Publisert: 30. august 2024, 05:49