Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. september 2022

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde hadde i dag stavgangtur til Roparen i fint haustvêr. Turen gjekk frå parkeringsplassen ved Surnadal alpinsenter og derifrå oppover til Roparen.  

Kaffepausen vart teken ved Surnadal alpinsenter. Foto: Svein Tjelle

«Her har vi utsikt over elvedeltaet og fjorden», fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.

Fin utsikt frå Roparen. Foto: Svein Tjelle

«Herifrå tok vi ulike vegar til nedatt til alpinanlegget der vi åt medtatt niste», avsluttar han.

Alle kom opp! Foto: Svein Tjelle

  

Publisert: 8. september 2022, 17:31