Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Kvenndalen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 8. september 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur i går gjekk til Kvenndalen.  26 stavgangarar var med på turen til Kvenndalen, og dei fekk ein skikkeleg fin tur i det fine haustvêret, med lett bris og 20 plussgrader. 

Det vart ein fin tur i skikkeleg fint haustvêr. Foto: Svein Tjelle

Nokre av turdeltakarane gjekk opp mot hytteområdet, medan dei andre tok turen lenge inn i dalen. 

Etter turane var det matrast. Foto: Svein Tjelle

Alle møttes att til felles matrast ved gapahuken etter turane.

Først publisert: 8. september 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 7. september 2023, 21:49