Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag, hadde i dag tur til Åsskard. Det var fint turvêr, så det vart ein fin tur med mykje fuglesong å høyre og fin natur å sjå på.
Turen starta frå parkeringsplassen ved Åsskard kyrkje, før dei mange stavgangarane tok turen utover.
Etter turen, var det tid for kaffe, mat og ein god prat.
Takk til Wenche Ø. Kvendset for informasjon og bilete.