Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag avslutta årets stavgangsesong med stavgangtur til Øygardashalsen på Vang. Tjuefire stavgangarar møtte opp for å bli med på sesongavslutninga, der starten gjekk frå IL Søya sitt klubbhus på Vang skisenter.
– I natt hadde det snøa i fjella og langt ned i liene, dette laga eit fint bilete mot fjella og fjorden, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Johannes kom med bakels, Gudmund hadde koka graut og Brynhild hadde med tytteberkake. Og som takk for i år vart vi avtakka med fine haustblomster.
Stavgangarane avslutta sesongen med kafferast og sosialt samvær på Vang skisenter.
– Vi har gått 17 turar i år med ein gjenomsnitt på 21 stavgangare, avsluttar Svein.
Om fjorten dagar blir det trim i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei.