Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde i går tnkt å sesongavslutte med tur til Øygardshalsen, men på grunn av vegarbeid på skogsvegen, måtte dei endre turmålet.
Så siste stavgangtur denne sesongen, vart difor ein tur nedetter skogsvegen i retning Kvanne, så stavgangtur vart det uansett på dei fjorten frammøtte.
– Vi sesongavslutta med «græt og bakels» og kaffe på klubbhuset ved Vang skisenter, kan Svein Tjelle i Stavganggruppa fortelje.
– Vi har hatt oppmøte på 18 personar i snitt gjenom sesongen som var frå april til oktober, oppsummerer han til slutt.
Neste torsdag startar innetrimmen på Frivilligsentralen på Skei.