I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Turen gjekk altså frå Mogstad og opp til Leikaren. Etterpå var det matrast, kaffe og sosialt samvær på garden.
– Vi kosa oss med nista, rundt benkar og bord som vi plukka fram, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Takk til familien Sundby som lot oss bruke den fine plassen, legg han til.